Fredag 26. juli er det premiere på dansekompaniet FRIKAR si vandrevisning Draumefangaren i Åbjøra!

“På grensa til galskap” var skildringa frå pressa etter fjorårets publikumssuksess som vart synt for eit utseld publikum. Den unike danseframsyninga er koreografert av kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård og skjer 26.-28.juli og 2.-4.august i Åbjøra, eit steinkast frå Aurdalsåsen!

Inspirasjon og bærekraft i naturen

Ingenting er betre enn å vandre i naturen og samtidig oppleve kunstnarlege impulsar i verdsklasse. Draumefangaren skal inspirere til å skjerpe sansane og utvikle fantasien i samanheng med naturen. Alt i naturen heng saman, slik som i ein draumefangar. Om du rører ei maske skjer noko med heile draumefangaren. Vi må difor passe på naturen, og forsterke han i staden for å bryte han ned.

Publikum tar del i visninga

Når ein høyrer ordet ”dansevisning” ser ein for seg ei scene med dansarar og ein sal med publikum. Dansarane beveger seg og publikum ser på. Dette snur FRIKAR på hovudet under den interaktive vandrevisninga Draumefangaren. I tillegg til dansarar er installasjonskunst, tøyakrobatikk og musikk ein viktig del av den heilskapelege opplevinga. Langs Åbjøra skal publikum vandre gjennom skogen på ein stig dei vel sjølv og ta seg forbi spanande kunstinstallasjonar og naturens eigen scenografi. Nokre gonger inviteres friviljuge i publikum til å vera med på aktiviteten for å drive draumen vidare.

Finalen for visninga er i det spektakulære Åbjøra-juvet, der publikum og kunstnarar vert foreina i ei unik framsyning ved fossen.

Friviljug?

Vil du vera med som friviljug på Draumefangaren? Dette er FRIKAR og FRIKAR X si største satsing nokonsinne og for at draumen vår skal bli verkeleg treng vi hjelp frå mange dyktige friviljuge! Vi har allereie klart å samle ein flott gjeng, men treng framleis nokre fleir.

Vi treng folk som kan vera stivakter i skogen, parkeringsvakt, billetthandtering og drikkesal. Vi treng også ein ekstra friviljug til å bistå med transport og hjelp til noko av utstyret til ein av utøvarane som dansar i fossen. Du får erfaring med profesjonelle sikringsteknikarar, dansarar og du blir kjent med masse flotte folk - både lokale, hyttefolk og andre tilreisande.

Bli med oss og ta kontakt med:

Lene Dieserud, tlf. 92845560 /på messenger eller lene@frikar.com

Informasjon om visninga

Dato: 26. - 28. juli & 2. - 4. august 2019, kl. 18.00 alle dagar.

Stad: Åbjøra-juvet, Valdres.

Billettsal: https://frikar.ticketco.events/no/nb

Parkering: I grustaket i Vestringsbygda, ved Månabrue.

Meir informasjon: http://www.frikar.com/no/kompani/verk/draumefangaren/

Om FRIKAR

FRIKAR er eit dansekompani stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 og held til i Valdres i Oppland fylke. Kompaniet kombinerer samtidsdans med gamle norske tradisjonar og er det leiande dansekompaniet i Noreg innen dette. Sidan oppstart har kompaniet turnert i 32 land og har motteke mange gode kritikkar i både nasjonale og internasjonale tidsskrift. Hansegård har vunne fleire film- og koreografipriser både nasjonalt og internasjonalt, og vart i 2017 fyrste koreograf som mottok Anders Jahres Kulturpris.

FRIKAR X

FRIKAR X er eit profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Programmet er også Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. Programmet har 15 unge profesjonelle dansarar, dei fleste frå ulike bevegelsestradisjonar.