Praktisk informasjon ifm FRIKARS vandrevisning Draumefangaren i Åbjøra!

Fredag 26.juli er det klart for FRIKAR si storsatsing Draumefangaren...

Praktisk informasjon

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200m aust for Mønobrua retning Vestringsbygda.

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for VEGBESKRIVING

Framsyninga startar presis kl. 18.00 i sandtaket. Her får publikum ein introduksjon ved Hallgrim Hansegård.

Vi anbefalar at du kjem kl. 17.00 for å få parkering i sandtaket og for billetthandtering same stad.

I sandtaket vert det sal av lokal solbærsaft, kaffe og boller før framsyninga.

Etter vandringa i skogen, og før den sceniske framsyninga i juvet, vert det sal av lapskaus frå HEIMATT selskap catering.

Det er meldt varmt vêr opningshelga, så hugs å ta med deg nok vatn (det er ikkje tilrådelig å fylle vannflasker i elva).

Det er knapt skugge på parkeringsplassen i sandtaket, og ikkje tillate å ha med hundar i løypa, så dei har det betre heime.

Ta på deg solkrem og ver merksem på eigne og andres behov under turen.

Røde Kors Valdres kjem til å vere på staden om det er naudstilfelle.

Velkommen til Draumefangaren 2019!"

LES MER...

Informasjon om visninga

Dato: 26. - 28. juli & 2. - 4. august 2019, kl. 18.00 alle dagar.

Stad: Åbjøra-juvet, Valdres.

Billettsal: https://frikar.ticketco.events/no/nb

Parkering: I grustaket i Vestringsbygda, ved Månabrue.

Meir informasjon: http://www.frikar.com/no/kompani/verk/draumefangaren/

Om FRIKAR

FRIKAR er eit dansekompani stifta av Hallgrim Hansegård i 2006 og held til i Valdres i Oppland fylke. Kompaniet kombinerer samtidsdans med gamle norske tradisjonar og er det leiande dansekompaniet i Noreg innen dette. Sidan oppstart har kompaniet turnert i 32 land og har motteke mange gode kritikkar i både nasjonale og internasjonale tidsskrift. Hansegård har vunne fleire film- og koreografipriser både nasjonalt og internasjonalt, og vart i 2017 fyrste koreograf som mottok Anders Jahres Kulturpris.

FRIKAR X

FRIKAR X er eit profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Programmet er også Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. Programmet har 15 unge profesjonelle dansarar, dei fleste frå ulike bevegelsestradisjonar.